Plateanmeldelse: Cigarettes After Sex» – «X’s» (album, 2024)
Så, er du klar for enda ei samling emosjonelle, saktegåande og kliss like songar om kva som skjer under dyna til Greg Gonzalez etter at lyset er sløkt?
Tekst: Asle Frøkedal
Verda elskar El Paso-trioen som er streama milliardar av gonger og som til hausten skal på stadionturné i både USA og Europa. Og no er dei altså ute med noko nytt. Og dette er nytt i den rausaste forstand – for «X’s» høyrest nøyaktig ut som den førre. Og den før der igjen.
Joda, dei hadde noko ved seg då dei debuterte i 2017. Den draumande og minimalistiske instrumenteringa mot den androgyne, semi-kviskrande stemma til Gonzalez var som ein klem me ikkje visste me ville ha. Og i toppar som «K» og «Each Time You Fall In Love» var det opplagte kvalitetar i rørsle og me begynte å sjå for oss eit nytt Beach House eller Mazzy Star.
Den kritiske lyttaren ville nok allereie då ha peika på at Cigarettes After Sex var i overkant einspora, der alt skjedde i same tempo og humør. No, to plater seinare, har musikken framleis ikkje rikka seg av flekken og kjensla av déjà vu er like sterk som behovet for å opne eit vindauge og sette på ei maskin med sengetøy.
For i lengden er det nesten litt guffent, dette tekstuniverset. Her blir du varsomt byssa i søvn til historiar frå eit soverom som alltid har ein sokk tredd over dørhåndtaket. Som på den førre. Og den før der igjen.
Forskjellen frå då til no er berre at det som den gong pirra, no kjennest resirkulert og klissete – som eit kondom brukt fleire gonger. Det er liksom ikkje måte på kor mykje tid Gonzalez brukar i ei seng – og han vil at du skal vite det!
Som han syng i «Tejano Blue»:
«We wanted to fuck like all the time»
Ja da, Greg, me har skjønt det. Det gjorde me allereie på den førre. Og den før der igjen.