Musikkpreik med Frøkedal & Familien

Frøkedal & Familiens nye album, «STAY», består av ni glimrende låter der klassiske pop blandes med både norsk folkemusikk, vals, springdans og allsang-rock, fremført på både engelsk og norsk. Og selvom lydbildet flommer over av all verdens instrumenter, som munnharpe, langeleik, fele og mandola, er Frøkedals vakre, lyse og svært behagelige vokal utvilsomt platas viktigste instrument. 

Popklikk har snakket med Anne Lise Frøkedal om «STAY», inspirasjonskilder og turneen som starter på Dokkhuset i Trondheim den 10. september (oversikt over alle konsertene finnes nederst i saken).

– Hvordan vil du  beskrive musikken på «STAY» sammenlignet med dine tidligere (solo)album.

– Kontrastane er større. Frå tittellåten, som er ein av dei breiaste poplåtane i Frøkedal-katalogen, til «Springdans frå Tøyen» – ein minimalistisk instrumental felelåt med tonalitet og takt inspirert av norsk folkemusikk. Felene har får stor plass på denne plata. Eg lærte meg (såvidt)  å spele instrumentet sjølv, og blei både heilfrelst og inspirert – brorparten av låtane på «STAY» blei laga på fele. 

– Eg vil også seie at STAY er den plata der ein kjem aller tettast på oss som liveband og slik me høyrest ut på konsert.

– Hva er bakgrunnen for tittelen på plata?

– Fleire av låtane skildrar eit behov for å halde fast, bli verande. Ein vakker augeblink, den gode, skjøre kvardagen, nokon ein er glad i. Også reint musikalsk er albumet heimekjært  – albumet har henta mykje inspirasjon i norsk tradisjonsmusikk. 

– Fortell litt om prosessen og innspillingen av plata.

– Eg likar best å spele låtane mine på konsert først for å finne ut korleis dei verkar på folk og korleis det kjennest å spele dei. Så det gjorde me på våren i fjor, med allslags ulike besetninger. Etterpå tok me med oss dei beste versjonane og gode idear som hadde dukka opp live og gjekk i studio og spelte alt inn meir eller mindre live i løpet av ei veke. Bård Ingebrigtsen, som var teknikar mesteparten av tida og mixa plata, var viktig i innspelingsprosessen. Han har eit veldig godt musikalsk kompass og har vore ein viktig sparringspartner på særleg dei to siste platene.

– Hva er du mest fornøyd med på «STAY»?

– Alle dei små utilsikta augeblinkane som framleis finst der. Ein feil akkord her, eit pust der, Selma som kniser høgt idet «STAY» set i gang. Eller kanskje omslaget: Andrea Serio teikna det som kan vere ein surrealistisk vestlandsfamilie frå ei svunnen tid som oppsummerer innhaldet perfekt. Det blei prikken over i-en

– Plukk ut én låt fra plata som du er spesielt fornøyd med.

– «Kan Du Velga» er for meg den mest emosjonelle låten. Kompet kviler for første gong på felene, i ein slags gyngande polstakt, utan at det eigentleg betyr så mykje anna enn at eg likar den gyngen. Og elskar lyden av felene.

– Hvilken av låtene på skiva ga deg mest motstand?

– Definitivt tittellåta. Først og fremst fordi den er ganske vanskeleg å spele – men den var også seig å skrive. Det er ein del av denne låten som er sikkert over ti år gammalt. Det landa til slutt, men det tok tid!

– Om det er mulig: Hvordan vil du beskrive innholdet i tekstene på plata?

– Tekstleg er «STAY» lysare og tettare befolka enn forgjengaren «Flora». Me er ute av skogen og tilbake i sivilisasjonen, prega av folka me har rundt oss og kvardagen me har til felles. Tekstane er kjærleiksfylte, nostalgiske, redde for å miste, men også glade for det som er godt.

– Hvordan jobber du fram låtene og når og hvordan dukker de opp?

– Dei dukker ofte opp når det passar minst. Har for eksempel fått mange låtidear på lydprøvar av tilfeldige lydar som oppstår samtidig. Eg prøver å vere lynraskt ute og gjere eit lite lydopptak på telefonen. Etterpå kan dei bli liggjande lenge. Dei fleste ideane og opptaka blir det ingenting av, men somme av dei kjem tilbake, kanskje med ein ekstra del eller ein tekst. 

– Er det noen artister eller kunstnere som har vært inspirasjonskilder for musikken på plata?

– Plata er inspirert av alt frå Broadcast til XTC til folkheltar som Nick Drake og Kate & Anna McGarrigle. Men den personen som har vore viktigast for heilskapen og innfallsvinkelen til låtskrivinga denne gongen er Familien-medlem og folkemusikar Olav Christer «Laffen» Rossebø. Han har introdusert meg for tradisjonsmusikk frå heile verda gjennom mange år, og har i seinare tid dytta meg vennlig i gang med å spele fele. Det er mykje med norsk tradisjonsmusikk som kan virke framand for dei som ikkje er ein del av miljøet, men han har opna dei dørene for meg gong på gong slik at eg nå kjenner meg så godt som heime. 

– Hva kan vi forvente av den kommende turneen? 

– Synne, som har skrudd lyd på oss live mange gonger, kommenterte følgjande då ho høyrte plata: «Kult at det høyrest heilt likt ut som live». Så det blir vel ingen store overraskingar, haha.

– Men seriøst: Me skal gjere 11 konsertar på rappen som fullt band, det skjer ikkje så ofte, så eg håpar folk blir med. Me har først og fremst eit mål om at dei som kjem skal kjenne at dei verkeleg er ein del av det som skjer, emosjonelt og/eller i form av allsong eller dans – eller det uttrykket som passar dei best. 

– Plukk ut tre album du har hørt veldig mye på det siste året. 

Adrianne Lenkers «Bright Future», Blonde Redheads «Sit Down for Dinner» og «24 Polsdanser fra Finnskogen (various artists)». 

– Er det et maleri, en bok eller en film du setter spesielt stor pris på, og i såfall: Hvorfor?

– Mange bøker! Carson McCullers sine noveller har ei heilt eiga stemning. Det er noko av det beste eg har lese. Den siste boka eg las, og som fekk meg til å le høgt fleire gonger, er Miranda Julys «All Fours».

– Hva slags musikk hørte du på i ungdomstida?

– Mange klassikarar, dei første eg kjem på er The Doors, Velvet Underground, Nick Drake, The Cure, The Smiths – og Motorpsycho! Sistnemnte fekk eg også sett live ein del gonger. Ein kunne aldri vite kva ein fekk på konsert, bortsett fra at det alltid var gøy. Det var – og er –  utruleg inspirerande med eit band som er så samspelt og som følgjer sine eigne lover både live og på plate. 

– Da forflytter vi oss inn i fantasiverden. Om du hadde fått muligheten til å være med i et band bestående av utenlandske artister fra 60-tallet og fram til i dag; hvilke artister ville du hatt med deg, og hva slags musikk hadde du tryllet fram?

– Sjølv om eg elskar mykje gammal musikk, så har eg ein teori om at det mest konstruktive er å jobbe med folk som er aktive og aktuelle nå og ikke sjå for mykje tilbake. Slik gjer eg også oppgåva lettare for meg sjølv: Eg ville laga rock med Cate le Bon, PJ Harvey og Adrianne Lenker. Litt gitar-tungt ville det jo blitt, men etter så mykje fele er det kanskje på tide.

– Et siste spørsmål: Hadde du en barndomshelt? Om så; hvordan ble det sånn?

– Hadde ein fem år eldre slektning som introduserte meg for alt fra glam metal til thrash  – men også Velvet Underground og Beach Boys – då eg gjekk på barneskulen. Det opna opp ein heil haug med musikalske dører for meg. Når eg tenker meg om, burde eg sendt han ein blome som takk.

Foto: Vidar Landa

Espen A. Amundsen
Espen A. Amundsen

Idéhistoriker og tidligere musikkredaktør i ABC Nyheter.

Artikler: 1700